Å lage boksplott

Boksplott (box-and-whiskers-plot) er ein litt meir ukjend variant for dataframstilling i den norske skulen, men ganske viktig i mange andre land. Den gir også mykje informasjon på ein gong.[br]
Datasett, tilfeldige terningkast med ein terning
I reknearket over har vi kasta terning ein del gonger. Merk datasettet og trykk på [icon]/images/ggb/toolbar/mode_onevarstats.png[/icon], som vi gjorde da vi laga histogram. Velg [icon]/images/ggb/toolbar/mode_onevarstats.png[/icon]Analyse av ein variabel igjen. Du får da teikna opp histogrammet over dette datasettet. Fra menyen der kor der står [b]Histogram [/b]kan du og velge andre typar diagram, mellom anna [b]Boksplott[/b]. Velg det og sjå kva som skjer.[br]Boksplottet inneheld median, minimum, maksimim, midterste 50 % verdiar og første og tredje kvartil. Kor finn du dei i diagrammet ditt?[br]Merk at det ikkje er nøyaktig 50 % av verdiane som befinn seg i boksen. Dette skyldast at ein reknar ut medianen også på dei 50 % lågare verdiane og dei 50 % høgare verdiane, og let dette bli grensene for boksen i midten. Når det til dømes er mange 2'arar og første kvartil er 2, så blir "alle" toarane med inne i boksen, sjølv om første kvartil ville stå midt inne i bland dei.
Finn kvartilene for seks terningkast; 1,2,3,4,5,6. (Bruk gjerne det øverste reknearket her)[br]Kva blir første kvartil?
Finn første kvartil for 1,2,3,4,5,6, men gjer det i Google rekneark. Legg inn tala 1,2,3,4,5,6 i cellene A1 til A6 og prøv med kommandoen =KVARTIL(A1:A6; 1). Kva blir første kvartil med Google rekneark? (1-tallet i formelen betyr at det er første kvartil vi ønsker, det kunne og stått til dømes 3 der - om det er tredje kvartil vi er interessert i.)
Du kan og finne kvartil-berekningar i Statistikkmenyen i Google rekneark. Du finn statistikk-verktøya under knappen merket med [math]\sum[/math].
I alle dagar
Korfor trur du det er forskjell i Google og GeoGebra?
Prøv no å lage to boksplott for å samanlikne desse to datasetta:
Datasett, tilfeldige terningkast med ein terning i kvar kolonne
Schließen

Information: Å lage boksplott