Dette er ein nynorsk utgåve at Tim Brezezinski sin aktivitet "Another Special Right Triangle (Guided Discovery)". [br][br]Beveg glidaren sakte og sjå kva som skjer steg for steg. Du kan også endre storleiken eller rotere trekanten som du ynskjer. Etter nokre minuttar med utforsking, så går du til spørsmåla under.
Korleis vil du beskrive [math]\Delta ABC[/math]? Kvifor vel du denne måten å definiere den på?
Kor mange grader er den [b][color=#9900ff]lilla vinkelen[/color]?[/b] Forklar kvifor du veit at svaret ditt er rett.
Kor mange grader er [math]\angle ACO[/math]? Forklar kvifor du veit at svaret ditt er rett.
Kor mange grader er vinkel A? Forklar korleis du veit dette.
Kva er måla av vinklane i [math]\Delta AOC[/math]?
Kva er forholdet mellom den lengste og kortaste sida av [math]\Delta ACO[/math]? Endrar forholdet seg om du endrar storleiken på trekanten?
Sei at AO = 3. Kva er verdien av AC?
Gitt at AO = 3 og svaret ditt på forrige oppgåve (7), finn lengda til CO. Her kan du nytte Pytagoras sin setning.
Svar på oppgåve 7 og 8 igjen, men denne gongen seier me at AO = 4.
Svar på oppgåve 7 og 8 igjen, men denne gongen seier me at AO = 5.
Svar på oppgåve 7 og 8 igjen, men denne gongen seier me at AO = 6.
Ser du eit mønster i svara dine? Om du gjere det, kan du lage ein regel ut frå det du har funne? Prøv å skriv regelen så enkelt som råd.
Svar på oppgåve 7 og 8 igjen, men denne gongen seier me at AO = x. (då må dei andre sidene også vere forklart i forhold til x).